Hopp til hovedinnhold

17. februar 2016

| Oppdatert 24. januar 2022

Regionalakademiet 2016, Hordaland!

Vimpler på Unge Venstres sommerleir

No kan du melde deg på Regionalakademiet i Hordaland, som går av stabelen 26. - 28. februar 2016 i Bergen! Det er nivå 2 i UV sine skuleringar, og går djupare inn i dei politiske hovudområda våre, legg opp til debattskulering, skrivetrening og medieskulering med meir. Me håpar mange ønskjer å få med seg denne helga!

Arrangementet startar kl. 17 fredag, og varer til ca. kl. 16 søndagen. Me skal truleg vere på ein barneskule ved Haukeland, og kjem attende med meir informasjon om det. Deltakarar som ikkje har høve til å overnatte heime, må ha med sovepose og liggeunderlag m.m. Dersom du har spørsmål, ta kontakt på ingridhand@hotmail.com eller sondrehansmark@gmail.com.

For spørsmål om reisedekning, ta kontakt på bernesagnes@gmail.com. Me dekker reise for alle medlemmane av Hordaland Unge Venstre, men personar frå andre fylkeslag er hjartleg velkomne til å delta.

Meld deg på her:https://docs.google.com/forms/d/1MfZFxnSS5TXY4lnys-cT_1pvSFM1ei82UGwkQXRSq_w/viewform?c=0&w=1

Program med atterhald om endringar:
Fredag
17:00-18:00 – Innsjekk
18:00-18:30 – Opning og bli kjend
18:30-19:30 – Korleis endre NUV politisk og organisatorisk v/ TBA
19:30-20:30 – Kulturpolitikk v/ Kristin Øygarden
20:30 – Middag og sosialt (Brettspel)

Laurdag
09:00-10:00 – Frukost
10:00-11:00 – Skriveverkstad v/ Sondre Hansmark Persen
11:00-12:30 – Parallellsesjonar om asyl, innvandring og integrering
12:30-13:10 – Lunsj
13:10-14:10 – EU v/ Europeisk Ungdom
14:10-15:10 – Sosialpolitikk (rus og prostitusjon) v/Erlend Horn
15:10-16:10 – Klima og miljøvern v/ Naturvernforbundet
16:10-16:30 – Matpause
16:30-17:30 – Ei grønare framtid v/ Audun Gotaas Bonde (Klima- og miljøutvalet) 17:30-19:00 – Parallellsesjonar korleis bli best på stand og verving
19:00-20:00 – Internasjonal politikk v/ Tobias Bashevkin (Internasjonalt utval) 20:00 – Middag og sosialt (Quiz med Espen)

Søndag
09:30-10:00 – Frukost
10:00-11:00 – Ein friare skule v/ Anne Kristin Sundal (Kunnskapspolitisk utval) 11:00-12:00 – Barnehage, grunnskule og vgs v/ Idun Bortne
12:00-13:00 – Parallellsesjonar medieskulering
13:00-13:20 – Lunsj
13:20-14:20 – Dyrevern v/ Øydis Lebiko
14:20-16:10 – Parallellsesjonar debattskulering
16:10 – Avslutning og heimreise

Del artikkelen