Hopp til hovedinnhold

22. august 2016

| Oppdatert 20. januar 2022

Valgkomiteens innstilling (2016)

Vimpler på Unge Venstres sommerleir.

Unge Venstres valkomite har nå vedteke si instilling til sentrale verv i organisasjonen. Komiteen er i år samansett av Agnes Hushovde Bernes, Emma Maja Løken, Hans Christian Paulsen, Kine Bergheim og leiar Sunniva Marie Hustoft. Valkomiteen har intervjua kandidatar og informantar på landsstyremøtet i juni, på sommarleir i juli og over telefon i august. Det har vore sterk konkurranse om verva, og det er særs kjekt at så mange har ønska å vera med i dei politiske utvala.

Leiar, nestleiarar, sentralstyret med varaer, direktevalgte til landsstyret med varaer, internasjonalt utval og kontrollkomiten vert valgt på landsmøtet. Leiar og medlem av klima­ og miljøutvalet og kunnskapspolitisk utval vert valgt på første landsstyremøte etter landsmøtet. Valkomiteen presenterer likevel innstillingar til alle desse verva slik at organisasjonen kan sjå heilskapen i instillinga. Det står òg skrive i organisatorisk plattform at leiarar av klima­ og miljøutvalet og kunnskapspolitisk utval skal vera direktevalgte i landsstyret. Difor har det òg blitt presisert kven komiteen ønsker å instilla til desse verva.

Valgkomiteens innstilling er ei tilråding til landsmøtet og landsstyret, og det er mogleg å utfordra ein innstilt kandidat ved ønske om det. Då er det god skikk å informera den du stiller mot, slik at begge kan førebu seg i forkant av det avgjerande møtet.

Tord Hustveit tilrås som leiar for organisasjonen for fjerde år. Tord har gjort Unge Venstre­folk stolte gjennom å vera kunnskapsrik og seriøs i krevande debattar, og han har fronta vår liberale politikk på område som dyrevern og velferdsstatens berekraft på ein overtydande måte.

Grunde Almeland tilrås som første nestleiar for andre år. Grunde har gjort ein solid innsats både for å organisera arbeidet i sentralstyret og for å skapa eit godt og morosamt sosialt miljø i Unge Venstre.

Øydis Lebiko tilrås som andre nestleiar, etter å ha vore i sentralstyret i eit år. Øydis har vist at hoh ar stor arbeidskapasitet, og ho har både eit breitt politisk interesse­ og kunnskapsfelt. I tilleg har ho mange planar for å organisere Unge Venstre bedre.

Sentralstyret:
Leiar: Tord Hustveit 24 år, Akershus­ attval
1. Nestleiar: Grunde Kreken Almeland, 25 år, Oslo ­ attval
2. Nestleiar: Øydis Lebiko, 23 år, Hordaland ­ ny i dette verv
Internasjonal leiar: Elin Engerbakk, 21 år, Hedmark ­ attval
Tiril Eid Barland 20 år, Akershus ­ attval
Ragnhild Forsberg 20 år, Oslo ­ ny i dette verv
Sondre Hansmark 21 år, Hordaland ­ ny i dette verv
Andreas Økland 22 år, Hordaland ­ ny i dette verv
Sunniva Eide 22 år, Oslo ­ ny i dettte verv
1. Vara: Ingeborg Bastiansen, 21 år, Vestfold ­ ny i dette verv
2. Vara: Bjarte Horpestad, 18 år, Rogaland ­ ny i dette verv

Internasjonalt utval:
Kristine Kolstad, 21 år, Oslo ­ attval
Marius Brun Hansen, 21 år, Troms ­ ny i dette verv
Anniken Karlyme Wullum, 18 år, Trøndelag ­ ny i dette verv
Azin Sabet, 21 år, Akershus ­ ny i dette verv
Louise Mari Bårdsen, 18 år, Oslo ­ ny i dette verv
Vilde Jakoby, 19 år, Aust­-Agder ­ ny i dette verv

Klima­ og miljøutvalet:
Lars Øye Brandsås, 18 år, Trøndelag ­ ny i dette vervet
Leo Kornelius Torbjørnsen, 16 år, Møre og Romsdal ­ attval
Eirik Lorentzen, 21 år, Hordaland ­ ny i dette verv

Kunnskapspolitisk utval:
Stian Skarsheim Magelssen, 22 år, Hordaland ­ ny i dette verv
Jørgen Skarstein, 20 år, Oslo ­ ny i dette verv
Celina Christoffersen, 18 år, Hedmark ­ ny i dette verv

Direktevalgte:
Leiar, Klima­ og miljøutvalet: Peder Ofstad, 21 år, Trøndelag ­ny i dette verv
Leiar, Kunnskapspolitisk utval: Espen Hansmark Persen, 19 år, Hordaland ­ny i dette verv
Daniel Gangeskar, 20 år, Sogn og Fjordane ­ attval
Vilde Sofie Noer, 18 år, Nordland ­ ny i dette verv
Knut Øye Brandsås, 20 år, Trøndelag ­ny i dette verv
Nasjida Noorestany, 20 år, Oslo ­ny i dette verv
1. Vara: Malin Sviland, 18 år, Rogaland ­ ny i dette verv
2. Vara: Vilde Ystmark, 18 år, Oslo ­ny i dette verv
3. Vara: Tobias Bashevkin, 23 år, Hordaland ­ ny i dette verv
4. Vara: Emile Eduard Nolet, 21 år, Hordaland ­ attval

Kontrollkomiteen:
Leiar: Martin Frøyland, 23 år, Hordaland
Kevin Johnsen, 25 år, Hordaland
Baard Salvesen, 25, Trøndelag

Del artikkelen