Unge Venstre meiner at avgiftene i større grad skal sørge for omfordeling og grøn verdiskaping, utan at desse blir for belastande på vanlege folk og næringslivet.
Avgiftene er viktige for å finansiere velferdsstaten vår. Vi ønskjer ikkje å auke det totale avgiftstrykket, men at avgiftene innrettast annleis. Unge Venstre ønskjer avgifter som gjer det lettare å ta miljøvenlege val, og som skiftar avgiftsbyrden vekk frå arbeid og verdiskaping.
Dette vil Unge Venstre gjere:
- Innføre ei progressiv arveavgift med eit høgt botnfrådrag.
- Fjerne dokumentavgifta på kjøp av bustad.
- Senke alkoholavgiftene for å motverke handelslekkasje.
- Vri skattar og avgifter slik at det løner seg å vere miljøvenleg og straffar seg å forureine.
- Innføre ei avgift på dumping av gruveavfall.
- Auke CO2-avgifta
- Innføre eit klimaskattefrådrag for arbeidsinntekt. Slik sørger vi for at fleire kjem i arbeid og at miljøavgifter ikkje slår usosialt ut.
- Auke bensin- og dieselavgifta.
- Tredoble flypassasjeravgifta for flygingar ut av EØS.
- Gjere flypassasjeravgifta om til ei flyseteavgift som også legg avgifter på tomme flyseter.
- Endre avgiftene så det blir billegare å gi bort enn å kaste mat og alkoholfri drikke.
- Fjerne arbeidsgiveravgifta for lærlingar.