Hopp til hovedinnhold

Bistand

Norsk bistandspolitikk skal bidra til fridom og moglegheiter globalt. Bistand skal gi økonomisk vekst, bekjempe klimaendringane og løfte menneskerettane.

Unge Venstre meiner Noreg har eit solidarisk ansvar for å hjelpe kriseramma områder og bidra til utvikling i verda. Samstundes er det viktig at vi har eit mål for kor mykje bistand vi skal gi som kan stå seg over tid, både ved gode og dårlege økonomiske tider. Derfor ønskjer Unge Venstre å feste norsk bistandsnivå til 1% av BNI. I tillegg er det viktig at bistanden brukast der behova er størst, og norske midlar kan forbetre mange liv.

Dette vil Unge Venstre gjere:

  • Halde på målet om at 1 prosent av bruttonasjonalinntekt (BNI) skal gå til bistand.
  • Konsentrere norsk bistand på færre mottakarar.
  • Stille klimakrav til all langsiktig bistand, og avvikle program som “Olje for utvikling”.
  • Gi direkte støtte til lokale organisasjonar i det globale sør.
  • Tillate fleire kommersielle aktørar i utviklingsarbeidet.
  • Slette illegitim u-landsgjeld.

Del artikkelen