Hopp til hovedinnhold

Offentlig eierskap

Staten skal sikre ein rettferdig og grøn marknadsøkonomi, men offentleg eigarskap i næringslivet bør avgrensast.

Menneskjer finn dei beste løysingane når dei kan handle fritt. Derfor er det viktig at statens eigarskap i norsk næringsliv avgrensast. Samstundes skal staten sikre ein berekraftig økonomi, arbeidsplassar og velferd for sine innbyggjarar. Av og til er statleg eigarskap viktig for å sikre naturressursar og infrastruktur. Unge Venstre vil at staten skal selje seg ut av alle verksemder som korkje er særskild viktig for nasjonal tryggleik eller infrastruktur, eller naturlege monopoler.

Dette vil Unge Venstre gjere:

  • Avgrense statleg innblanding og eigarskap i marknaden.
  • At staten skal selje seg ned i selskaper som ikkje har direkte verdi for nasjonal tryggleik, infrastruktur eller naturlege monopoler. Blant anna skal Vinmonopolet AS privatiserast.
  • At Oljefondet (SPU) skal investere på ein etisk forsvarleg måte. Fondet skal blant anna selje seg ut av alle olje-, gass- og kullaksjar.
  • At staten gjennom sine eigarskap skal krevje at bedrifter jobbar for å oppnå måla i Paris-avtalen.

Del artikkelen