Strategisk bakteppe og trusselbilete
Store krigar er tragediar for menneska og landa som utkjempar dei. Dei endrar også korleis verda førebur seg på konflikt, med store konsekvensar for global tryggleik. Vi må ta lærdom fra tidlegare konflikter, krigar og fredsarbeid, samt sjå til framtidige og nåverande krigføring og konfliktløysing.
Krigen i Ukraina er den største i Europa sidan 1945. Den vil prege forståinga av strid og konflikt i fleire tiår framover. Krigen har knust alle illusjonar om at moderne konflikt kan vere avgrensa til operasjonar mot opprør eller utvikle seg til kampar med få fysiske skadar i cyberspace. I staden peikar krigen på ein ny type krig med høg intensitet som kombinerer banebrytande teknologi med drap i industriell skala og eit stort forbruk av ammunisjon, sjølv når han trekkjer inn sivile, allierte og private aktørar. Du kan vere sikker på at autokratiske regime studerer korleis dei kan få eit forsprang i alle kommande konfliktar. Sjølv om usemjer i første rekke bør handterast på fredeleg vis gjennom etablerte diplomatiske kanalar, må liberale samfunn erkjenne at krigar mellom industrialiserte økonomiar er eit reelt perspektiv – og byrje å førebu seg.
Frå krigen i Ukraina er det tre viktige lærdommar som det er avgjerande at vi tar med oss dersom vi skal klare å ruste oss for framtida. Den første er at slagmarka blir gjennomsiktig. Altsjåande sensorar på satellittar og flåtar av dronar gjer at slagmarka blir meir transparent. Troppar må utvikle nye måtar å kjempe på, og dei må stole på mobilitet, spreiing, teiing, og bedrag. Store hærar som ikkje klarer å investere i ny teknologi eller utvikle nye doktrinar, vil bli overvelda av mindre hærar som gjer det. Sjølv i den kunstige intelligensen si tidsalder er den andre lærdommen at krig framleis kan involvere ein enorm fysisk masse på hundretusenvis av menneske, og millionar av maskiner og ammunisjon. Skadane i Ukraina har vore alvorlege: Evna til å sjå mål og treffe dei presist sender kroppstala til himmels. Etter kvart kan teknologi endre korleis dette kravet til fysisk «masse» blir oppfylt og blir halde ved like. Den 30. juni spådde general Mark A. Milley, den høgaste offiseren i USA, at ein tredel av avanserte væpna styrkar ville vere robotar om 10–15 år: Tenk på pilotlause luftstyrkar og mannskapslause stridsvogner.
Den tredje lærdommen er at grensa for ein stor krig er vid og utydeleg. Dei nye grensene skaper nye problem. Den aukande deltakinga av sivile reiser juridiske og etiske spørsmål. Private selskap lokalisert utanfor den fysiske konfliktsona kan bli utsett for virtuelt eller væpna angrep. Etter kvart som nye firma blir involverte, må styresmaktene sørge for at ingen bedrifter er eit enkelt punkt for fiasko.
Ingen krigar er like. Ein kamp mellom India og Kina kan finne stad på verdas tak. Eit kinesisk-amerikansk samanstøyt over Taiwan vil innehalde meir luft- og sjømakt og fleire langdistansemissil og forstyrringar i handelen. Den gjensidige trusselen om atombruk har truleg verka for å avgrensa eskaleringa i Ukraina: NATO har ikkje engasjert seg direkte i striden, og Russland sine truslar har so langt vore tomme. I ein konflikt om Taiwan ville Amerika og Kina bli freista til å angripe kvarandre i verdsrommet, noko som kan føre til kjernefysisk opptrapping, spesielt viss satellittar med tidleg varsling og kommando-og-kontroll blir deaktiverte. For liberale samfunn kan det vere freistande å trekke seg tilbake frå råskapen i Ukraina, og frå dei enorme kostnadene og anstrengingane ved å modernisere dei væpna styrkane våre. Likevel kan vi ikkje gå ut frå at ein slik konflikt, mellom store industrialiserte økonomiar, vil vere ei eingongshending. Eit autokratisk og ustabilt Russland kan utgjere ein trussel mot Vesten i fleire tiår framover. Den aukande militære innverknaden til Kina er ein destabiliserande faktor i Asia, og ei ny global oppblomstring av autokrati kan gjere konfliktar meir sannsynleg.
Forsvarsmakter som ikkje lærer av den nye typen industrikrig som blir viste i Ukraina, risikerer å tape mot dei som gjer det. Det tryggleikspolitiske trusselbildet endrar seg raskare enn den tida det tar å bygge opp militære styrkar. Etter kvart som ein har lykkast med å bygge opp Noreg – og Vesten – sitt forsvar, må vi ikkje tillate oss sjølv å gjere same feil med nedrusting som ein gjorde på 90- og 2000-talet. Dette sjølv som det tryggleikspolitiske bildet skulle endre seg. Dersom det liberale demokratiet skal overleve inn i framtida, er ein avhengig av at ein har vilje og ikkje minst evne til å forsvare det. Fred og fridom eksisterer ikkje i eit vakuum, er ikkje gratis, og kjem ikkje av seg sjølv, men er noko som må forsvarast kvar einaste dag. Å verne eigne innbyggarar er den viktigaste oppgåva til staten. For at Noreg skal møte dei tryggingspolitiske utfordringane framover, krevst det store satsingar og prioriteringar i forsvars- og utanrikspolitikken.
1. Forsvarspolitikk
1.1 Forsvarskonsept
Noreg sitt forsvarskonsept må vere tufta på eit breitt folkeforsvar. Det å verne om eigne borgarar er staten si viktigaste oppgåve. Forsvaret av det liberale demokratiet er eit felles ansvar for alle borgarar gjennom samfunnskontrakten. Noreg har i dag eit kvalitetsmessig
høgt forsvar, men manglar volum. Samstundes som ein arbeider med å auke volumet, og å rette opp igjen invasjonsforsvaret, er det viktig å oppretthalde den spissa profesjonaliserte delen av Forsvaret, som vil vere naudsynt å oppretthalde for til dømes internasjonale operasjonar.
1.2 Om verneplikta
Verneplikta skal løyse Forsvaret sitt behov på ein effektiv måte. Dette formålet er det primære formålet med ordninga. Likevel er verneplikta si vidare samfunnsmessige funksjon
også av stor betydning. Verneplikta er eit viktig band mellom Forsvaret og samfunnet.
Noreg scorar i toppen i verda på kvalitet – sjølv om ein manglar kvantitet – når ein gjennomfører internasjonale testar av Forsvaret vårt. Dette er på grunn av – og ikkje trass i – Noreg sin vernepliktmodell. Dersom vi ser på andre land med om lag same modell, som Finland, Sveits, Sverige, Danmark, Austerrike, og Hellas, for å nemne nokon, har også alle desse verneplikt. Til felles har dei også at dei scorar i toppen i testar. Verneplikt har også vore ein avgjerande faktor for suksessen til Ukraina sitt forsvar.
Vernepliktsutvalet har tidlegare sett på vernepliktsordninga og eventuelle alternativ til den, og har gitt sine faglege tilrådingar. Konklusjonen var klar. Dersom Noreg skal ha eit operativt forsvar, er verneplikta avgjerande. Verneplikta er også avgjerande for rekrutteringa til den profesjonaliserte delen av Forsvaret, gjennom at ein aukar andelen av folket som vert eksponerte for Forsvaret.
Kva plikter og rettar ein har – slik som verneplikta – bør vere betre informert om mellom anna gjennom å ta det inn i skolen.
1.3 Kommando og kontroll med norske militære styrkar
Forsvaret er eit politisk verkemiddel, og skal ikkje handle utan politisk forankring. I strategisk samanheng og i møte med trusselbildet må dette komplekse spørsmålet om politisk leiingsrolle i militære operasjonar bli nøye vurdert. Det skal vere ein del av det kontinuerlege arbeidet med å sikre nasjonal tryggleik og beredskap.
1.4 Bruk av militærmakt
Politiet er dei som først og fremst skal forvalte staten sitt valdsmonopol innafor eigne landegrenser. I fredstid er det viktig å oppretthalde eit skilje mellom ansvarsfordelinga mellom politi og forsvar. Likevel vil det under kriser som inntreffer i fredstid vere aktuelt for Forsvaret å bistå i handteringa av krisa. Dette kan til dømes vere trygging av objekter eller folkemassar under terrorangrep eller andre kriser. Dette bør likevel først skje etter førespurnad frå politiet eller politisk leiing, og må alltid vere politisk forankra. Det er difor viktig å halde politisk leiing tett inne på politi og forsvar slik at ein kan gjere ei konkret og handlekraftig vurdering.
1.5 Forsvaret
Fred og fridom eksisterer ikkje i eit vakuum, men er noko som må forsvarast. Den viktigaste oppgåva til den liberale staten er å verne eigne innbyggjarar. Forsvaret har som oppdrag å sikre Noregs sjølvstende, suverenitet og nasjonale interesser. For at Forsvaret skal møte dei tryggingspolitiske utfordringane, krev det store satsingar i tida framover. Norske tryggingsinteresser er best varetatt som NATO-medlem. Samstundes bør vi jobbe for eit truverdig forsvar. Unge Venstre vil ha ein opnare offentleg debatt om norsk forsvarspolitikk. Forsvarspolitikken bør følge faglege råd, og framdrifta og dimensjoneringa av budsjett og struktur bør ta utgangspunkt i og følge tilrådingane frå forsvarskommisjonen. Unge Venstre meiner det vil vere klokt å legge forsvarsmateriell og forsvarsbygg inn under forsvarssjefen.
1.5.1 Personell og arbeidsforhold
For å sikre det liberale demokratiet er vi avhengige av å ha eit operativt forsvar til kvar og ein tid. Det skal vere attraktivt å tenestegjere og arbeide i Forsvaret. For å klare det er vi avhengige av ei god utdanning, tryggleiksutstyr, og moderne utstyr.
Unge Venstre vil
- at alle i Forsvaret skal ha tilgang til tryggleiksutstyr i passande storleik
- sikre gode velferdstilbod og forlegningsfasilitetar på alle leirar i Forsvaret
- styrke støtteressursane i Forsvaret
- auke talet som avtener dagens førstegongsteneste til 15 000 årleg
1.5.2 Offisers- og befalsutdanning
I ei verd som stadig blir meir prega av krig og konfliktar er Noreg avhengig av å ha eit sterkt profesjonelt forsvar. Styrking av offisers- og befalsutdanninga er avgjerande for å oppretthalde ei kompetent og effektiv militær leiing. I dag er det ei utfordring med kort ståtid blant tilsette i Forsvaret, noko som er ein trussel for samfunnsoppdraget til Forsvaret. For å motarbeide den negative trenden vil Unge Venstre gjere det meir attraktivt å jobbe i Forsvaret. Ein må sørge for at utdanninga gir solid teoretisk og praktisk opplæring innen militære fag, strategi, taktikk, og teknologi. Det skal vere oppdatert pensum i tråd med moderne utfordringar og truslar.
Unge Venstre vil
- sikre gode velferdstilbod og bufasilitetar for tilsette i Forsvaret
- auke antal studieplassar på Befalsskolen og Krigsskolen for å sikre eit godt utdanna forsvar
- sikre gode moglegheiter for vidareutdanning i Forsvaret, ved å tilby fleksible utdanningsløp som gjer det lettare for militære leiarar å kombinere tjeneste med vidareutdanning og kompetanseheving
- auke fokus på haldningsskapande arbeid, for å unngå trakassering og andre former for uønska åtferd
- sikre at varslingssaker blir behandla tilstrekkeleg og at befalet som misbruker sin stilling blir sanksjonert høveleg
- ikkje kjønnskvotere verneplikta
- at førstegongstenesta også skal kunne vektlegge kunnskap blant søkarar
- at Forsvaret må få etablere arbeidsplassar der Forsvaret meiner det er formålstenleg, og ikkje bruke etablering av arbeidsplassar som eit distriktspolitisk verkemiddel
1.5.3 Dei tenestegjerande
Dei tenestegjerande er grunnmuren i det norske forsvaret. Ein treng motiverte tenestegjerande for å sikre eit godt og fungerande forsvar. Likevel skal det vere av størst betydning det behov Forsvaret måtte ha.
I dag er mange av Forsvaret sine kasernar nedslitte og prega av dårleg inneklima, noko som påverkar soldatene si helse og sin trivsel negativt. Unge Venstre meiner det er ei naudsynt prioritering å starte med restaureringa av helseskadelege kasernar og bygge ut nye fasilitetar.
Det skal stillast krav om at alle vernepliktige i Noreg er operative og klare over kva deira rolle er dersom ei krise eller ein krig skulle bryte ut. For å sikre dette vil Unge Venstre at alle soldatar skal få tilstrekkeleg med utdanning i felt og annen grunnleggande soldatutdanning (grøn utdanning) som vektlegg bærekraft i Forsvaret og i verda, samstundes som dei får opplæring av kvalifisert befal.
Ein anna viktig faktor er tilgangen til eigna øvingsområde. Å sikre at alle tenestegjerande har tilgang til realistiske øvingsområde som speglar det norske terrenget og klimaet, er avgjerande for å gi dei den opplæringa dei treng for å meistre krigføring i nasjonal samanheng.
Unge Venstre vil
- sikre gode velferdstilbod på alle militærleirar, inkludert idrettsanlegg og fritidstilbod
- sikre ei tilstrekkeleg utdanning i felt og anna grunnleggande soldatutdanning (grøn utdanning) til alle tenestegjerande
- vektlegge motivasjon sterkare i seleksjonsprosessen
- heve kvaliteten på maten og trygge eit godt og variert kosthald
1.6 Hæren
Hæren må ha avdelingar og einingar på kontinuerleg nasjonal beredskap. Slik kan dei raskt løyse hendingar som dukkar opp og bidra til samfunnstryggleik og andre sentrale samfunnsoppgåver. Hæren må dimensjonerast for å kunna løyse dei mest krevjande oppgåvene, og evna til å ta og halde terreng i kamp med likeverdige motstandarar. For å halda oppe denne evna over tid må reaksjonsevna betrast gjennom auka volum og tilgjengelegheit på styrkar.
Unge Venstre vil
- auke hæren sine ståande kapasitetar til å telje to brigadar: ein i Nord-Noreg og ein i Sør-Noreg
- at systemet for å bygge opp styrkar bør dimensjonerast etter den gamle divisjonsstrukturen
1.7 Sjøforsvaret
Noreg er ein maritim nasjon som lever av fri tilgang til havet. Sjøforsvaret må styrkast ettersom viktigheita av å hevde norsk suverenitet til havs, og arbeidet med å vareta våre maritime interesser vil bli meir krevjande og omfattande i tida framover på grunn av geopolitiske urolege tider.
Forsvarsstrategien til havs må i framtida innebere meir avskrekking samstundes som ein skal oppretthalde føreseielegheita frå Noreg som sjømakt. For å oppnå dette er ein avhengig av at ein i større grad enn tidligare evnar å sjølv hevde suverenitet i eige farvatn. Skal ein klare dette, er ein avhengig av ei monaleg satsing på, og ein auke for, Sjøforsvaret.
Sjøforsvaret si hovudutfordring er tilgjengelegheit på overflatefartøy. Fartøya blir eldre, og den tekniske statusen er ikkje god nok. Det er i dag eit identifisert behov for å styrke evna til alliert mottak og naudsynt infrastruktur, utan at det er naudsynt finansiering på plass. Ei rekke eldre system må både oppdaterast og skiftas ut, og den operative kapasiteten til Kystvaktas og Marinens fartøy må styrkast for å sikre forsvarsevna til Sjøforsvaret.
Unge Venstre støttar forsvarssjefen sitt fagmilitære råd når det gjeld utviding av Sjøforsvaret.
1.8 Luftforsvaret
Forsvaret skal kunne leie og koordinere allierte luftoperasjonar i nord. Forsvaret skal kunne kontrollere, overvake og verne norsk luftrom og respondere på truslar mot nasjonal og alliert tryggleik. For å klare å stå i dette over tid er logistikk heilt avgjerande. Det betyr at det må avsettes endå fleire midlar til reservedelar, våpen, og ammunisjon over tid.
Innkjøp av langtrekkande luftvern vil innebere ei stor investering og vil vere særs ressurs- og kompetansekrevjande å halde i drift. Kryssarmissil utgjer i dag ein av dei mest krevjande lufttruslane for Noreg. Kommande langtidsplan må prioritere luftvernssystemet NASAMS og vidareutviklinga av dette med mellom anna moderne sensorer, fleire utskytingsramper og innføring av eit nytt missil med kortare rekkevidde i den bakkebaserte luftvernsrolla. Saman med styrkte bemanning vil dette vesentleg auke evna til å oppdage og skyte ned innkommande missil.
1.9 Heimevernet
For å styrke Heimevernet som ein landsdekkande og slagkraftig kampkapasitet er det aktuelt å utruste delar av desse styrkane betre enn i dag. Slik kan styrkane utføre meir krevjande oppdrag. Ein velutvikla kapasitet, som kombinerer lette og tyngre styrkar med god bruk av teknologi i krevjande militære operasjonar, har stor effekt til ein relativt låg kostnad.
Ved å betre materielltilstanden i Heimevernet og løpande tilføre ny teknologi, kombinert med naudsynt øving og trening, kan ein oppnå vesentleg større slagkraft og utnytting av desse styrkane. Eit betre utrusta, betre trena, og meir tilgjengeleg heimevern gir eit løft for heile totalforsvaret. Det vil ikkje berre gi Forsvaret større kampkraft, men også betre den sivile beredskapen.
Unge Venstre vil
- fortsette med øvingar for reservistar som står utanfor heimevernsstrukturen
- gjenopprette Sjøheimevernet, som er eit rimeleg tiltak som drastisk vil kunne betre beredskapen og kampkrafta over heile kysten
1.10 Etterretningstenesta
Etterretningstenesta sikrar Noreg og våre allierte mot forhold som kan true våre interesser frå utlandet. I ei tid kor stadig meir blir digitalisert og nye metodar for innhenting av informasjon blir nytta er Noreg avhengig av å styrke Etterretningstenesta gjennom finansiell støtte for oppbygging.
Etterretning er avgjerande for relevant avgjerdsstøtte for politiske og militære myndigheiter. For å sikre at dette fortset er det eit behov for modernisering av eksisterande evner og tilføring av kapasitetar til informasjonsinnhenting og prosessering. I eit samfunn kor stadig meir er digitalisert må ein gjere det meir attraktivt å arbeide i Etterretningstenesta for å unngå at riktig kompetanse forsvinn ut. Likevel må evna til å digitalisere og automatisere etterretningsprosessen vidareutviklast.
1.11 Cyberforsvaret
Samfunnet blir stadig meir digitalisert og avhengig av velfungerande IT-system. Målretta cyberangrep er ein stor trussel for vår tryggleik, sensitiv informasjon og den digitale infrastrukturen. Særleg den raske utviklinga av kunstig intelligens medfører mange potensielle tryggingspolitiske utfordringar.
Nye stridsdomene, enten det gjeld cyberdomenet eller elektronisk krigføring, blir stadig viktigare, også i tradisjonell krigføring. Vi vil derfor forsterke Forsvaret sin kapasitet innanfor dei nye stridsdomena. Automatisering skjer også innanfor forsvarsmateriell, og vi vil derfor oppdatere dei relevante doktrinane for å sikre at bruk av autonome eller halvautonome våpensystem skjer på ein måte som er i samsvar med folkeretten. Vi meiner at våpensystem utan vesentleg menneskeleg kontroll bør bli forbydd.
1.12 Totalforsvaret
Forsvaret av Noreg består ikkje berre av militære styrkar, men av heile viljen og evna samfunnet har til å støtte opp under ein forsvarskamp. Totalforsvaret baserer seg på gjensidig støtte og samarbeid mellom Forsvaret og det sivile samfunnet i heile spekteret frå fred til krise og krig. Forsvaret si evne til å hjelpe sivile styresmakter og beredskapen for fredstidshendingar er mykje styrkte dei siste ti åra. Samstundes stadfester krigen i Ukraina at militære styrkar i krig er avhengige av støtte frå sivilsamfunnet, og at sivilsamfunnet i krigstid må tole store påkjenningar.
Forsvaret er hovudsakleg innretta for den øvre delen av konfliktspekteret. Forsvaret sin bistand til det sivile samfunnet vil, med nokre få unntak, vere basert på militære kapasitetar som er dimensjonerte for militære formål. I fredstid vil det seie at Forsvaret kan tilby eit breitt spekter av ressursar til sivil krisehandtering. I krig er det militære ressursbehovet enormt, og støtta vil i stor grad gå frå totalforsvaret til Forsvaret. Forsvaret vil trekke på sivile ressursar som personell, materiell, forsyningar, og infrastruktur i eit omfang som langt overgår det Forsvaret sjølv kan halde seg med. Forsvaret må kvantifisere og kommunisere militære behov tydeleg, slik at avgjerdstakarar i offentleg og privat sektor kan ta val som aukar motstandsdyktigheita i samfunnet.
Til dømes må helsevesenet vere førebudd på å forsterke sjukehus eller omprioritere ressursar, og Avinor vil spele ei avgjerande rolle i situasjonar der Forsvaret tar kontroll over luftrommet. Støttebehovet er også stort innan logistikk, transport, og distribusjon av drivstoff, mat, og andre naudsynte forsyningar. Nasjonal bygg- og anleggsberedskap i totalforsvaret har i dag ikkje mekanismar som koordinerer og støttar opp under behovet til forsvarssektoren. Bygg- og anleggsberedskap innan totalforsvaret må etablerast på nytt for at Forsvarsbygg skal kunne etablere, halda oppe, og rette opp igjen kritisk EBA (eiendom, bygg, og anlegg) til støtte for operativ evne.
Sivil og frivillig innsats kan bidra til å halde oppe evna og viljen til motstand. Frivillig innsats kan komme frå organiserte grupper eller oppstå ad hoc. For å sikre heilskapleg tilnærming bør Heimevernet bli gitt ei rolle i leiing og koordinering av frivillig innsats i krise og krig. Heimevernet si rolle i beredskapsråd lokalt og på fylkesnivå gjer dei godt eigna til dette. Noreg har leiande teknologiske miljø som ved ein langvarig konflikt kan vere heilt avgjerande. Forsvaret må derfor planlegge for korleis slik støtte skal styrast, og sørge for at støtta blir utnytta innanfor rammene til krigsfolkeretten.
1.13 Sivil-militære forhold
Før kunne ein seie at politiet tok seg av kriminalitet, medan Forsvaret skulle verke ved ein invasjon. I dag er bildet annleis med store utfordringar som terror- og cyberangrep i den såkalla gråsona.
Det er behov for å tenke nytt om samordning og ressursutnytting av eksisterande militære og sivile ressursar. Kapasitetar som blir bygde skal tene både militære og sivile formål. Eit sterkt sivil-militært forhold er avgjerande for effektivt å kunne verne befolkninga i Noreg. Det norske forsvaret skal byggast på kompetente militære avgjerder og uavhengig av politiske kompromiss.
Forsvaret skal kunne gi støtte til politiet på kort varsel ved alvorlege hendingar. For å skape eit trygt Noreg for alle må også den sivile sektoren, inkludert næringsliv, frivillige aktørar og befolkninga som heilskap, samarbeide med Forsvaret for å verne Noreg innanfor rammene av totalforsvaret.
1.14 Fredsbevarande og fredsopprettande operasjonar
Utgangspunktet for norsk fredsbevarande arbeid skal vere å trygge fred med fredelege middel. Likevel er det ikkje i alle tilfelle mogleg å løyse konfliktar med slike middel, og Noreg bør saman med verdssamfunnet bidra til å bevare, sikre, og opprette fred og stabilitet. Av og til står ein ikkje overfor scenario der alternativet står mellom tap og ikkje-tap av menneskeleg liv, men der det er eit spørsmål om tal. Det scenarioet der færrast menneskelege liv går tapt kan berre bli oppnådd gjennom humanitær intervensjon.
Bruk av militærmakt utanfor landet sine grenser bør skje i tråd med prinsippa i folkeretten. Likevel vil ein frå tid til annan stå overfor scenario der folkeretten er motstridane. I situasjonar der statar går, eller truar med å gå, til alvorlege menneskerettslege overtramp, som folkemord eller etnisk reinsing, har verdssamfunnet ei plikt til å gripe inn – i tråd med Responsibility to Protect (R2P). For Noreg sin del bør slike humanitære intervensjonar skje gjennom NATO-koalisjonar.
1.15 NATO
Dei største utfordringane i vår tid løysast best i samarbeid med andre land. Derfor må vi oppretthalde det viktigaste forsvarssamarbeidet vi har, nemleg NATO. Vi meiner tryggleiken i Noreg er best varetatt av den forsvarsalliansen vi er ein del av i dag. For oss er det opplagt at Noreg, som eit lite land, ikkje kan forsvare seg aleine. NATO garanterer oss tryggleik og forsvarsevne. Noreg skal ha et truverdig forsvar som kan utfylle dei militære evnene til våre allierte.
I ei tid der eit av våre naboland har gått til krig mot eit av deira naboland, og andre autokratiske krefter truar dei liberale demokratia rundt omkring i heile verda, må vi oppretthalde eit sterkt samarbeid med våre allierte.
Det er også viktig for at Noreg skal kunne bidra til å sikre fred i andre nærliggande delar av verda. Målet til NATO om at alle landa i alliansen skal bruke 2 % av BNP på forsvar må ligge til grunn. Samstundes er det viktig å understreke at 2 %-målet i seg sjølv ikkje er nok for å sikre eit truverdig forsvar, og ein må også ha fokus på at pengebruken skal sikre best mogleg operativ evne.
Unge Venstre vil
- beholde norsk medlemskap i NATO
- opne opp for NATO-basar på norsk jord
- at vi minimum skal bruke 2 % av BNP på forsvar
- at NATO skal kunne ta på seg oppdrag med fredsbevarende og fredsopprettande operasjonar med mandat i FN eller NATO
- jobbe for å utvide NATO til å omfatte fleire demokratiske statar i Europa
- at Noreg skal vere ei konstruktiv stemme internt i NATO, og aktivt jobbe for at liknande feil som blei gjort i Irak og Afghanistan blir unngått i framtida
1.16 Forsvarssamarbeid med EU
EU har fått eit aukande ansvar for Europa sin tryggleik dei siste åra. Forsvarskommisjonen er positiv til å dra Noreg tettast mogleg inn i EU sitt forsvarssamarbeid. EU sitt forsvarssamarbeid er ikkje eit heilgodt alternativ til NATO, men er eit viktig supplement til Noreg sin tryggleikspolitikk. Vi ser det best tent med at hovudtyngda innanfor forsvarssamarbeid framleis skjer innanfor NATO sine rammer. Slik unngår ein sløsing
ved å lage parallelle løp. Vidare er EU også viktig fordi den pregar handelspolitikken og beredskapspolitikken vår.
Unge Venstre vil
- styrke forsvarssamarbeidet vårt med EU innanfor eksisterande rammer
- styrke beredskapssamarbeid vårt med EU, spesielt på medisin og ambulansefly
- ikkje etablere ein «EU-hær» som et alternativ til NATO
- innleie forhandlingar med EU med mål om å sikre full norsk deltaking i EU sin felles utanriks- og tryggingspolitikk (FUSP)
1.17 Kjernevåpen
Mutual assured destruction-doktrinen (MAD) har lenge forhindra større militære samanstøyt mellom stormaktene. Likevel må ein erkjenne at etter kvart som det tryggleikspolitiske bildet skjerper seg, er risikoen for at atomvåpen blir nytta for stor til at ein kan akseptere at dei eksisterer. Ein ser også at atomvåpen for ofte hindrar verdssamfunnet i å involvere seg i situasjonar der ein burde. Unge Venstre deler NATO sin visjon om ei atomvåpenfri verd, samstundes som vi vil understreke at nedrustinga av atomvåpen må vere gjensidig. For å oppnå dette må Noreg signere og ratifisere FN sitt atomvåpenforbod (TPNW) og intensivere arbeidet med ikke-spreiingsavtalen. Fram til forbodet er signert skal Noreg delta fast som observatør og bidra aktivt i arbeidet på statspartsmøta til FN sitt atomvåpenforbod. Unge Venstre ønsker ikkje atomvåpen på norsk jord.
2. Tryggleikspolitikk og beredskap
2.1 EOS-tenestene
EOS-tenestene (E-tenesta, PST, og NSM) speler ei sentral rolle for Noreg si tryggleik og etterretning. Desse omsyna må balanserast mot retten til privatliv. Det er viktig at det er eit tydeleg skilje mellom EOS-tenestene og politiet elles. EOS-tenestene skal hovudsakleg ha ansvar for nasjonal tryggleik og internasjonal etterretning, medan politiet skal handtere innanlandske lovbrot. Med eit stadig meir samansett trusselbilde krevst det meir koordinering og samarbeid mellom dei tre tenestene. Unge Venstre meiner det er viktig å legge til rette for eit godt og føreseieleg samarbeid mellom tenestene, der rollene til dei ulike tenestene er tydeleg avklarte med god og rett informasjonsflyt. Sjølv om det er viktig at EOS-tenestene har tilgjengeleg informasjon meiner Unge Venstre at personvernet til innbyggarane må bli varetatt i større grad enn det gjer i dag. Det er viktig at EOS-tenestene skal vere underlagt grundig tilsyn for å forhindre misbruk av makt og brot på personvernomsyn.
Unge Venstre vil
- styrke den etterretningsfaglege delen av PST, og overføre nåverande oppgåver knytt til politi og påtalemakt til andre aktørar som Kripos
- reversere tilrettelagd innhenting, som gir PST høve til å lagre, overvake, og analysere alt som skjer på nettet
- sikre EOS-utvalet betre innsikt ved å gi utvalet tilstrekkelege ressursar til å følge med i den teknologiske utviklinga, auke kapasiteten til å gjennomføre anna enn stikkprøver og endre dagens innsynsprosedyre
2.2 Forsvarsindustrien
Ein sterk og nyskapande nasjonal forsvarsindustri utgjer ikkje berre ein viktig faktor i eigen forsvarsevne, men er også ein viktig komponent for våre allierte. Norsk forsvarsindustristrategi må ha som mål å legge til rette for å halde oppe ein kompetent nasjonal forsvarsindustri som kan bidra til å styrke forsvaret av Noreg. På enkelte
område er det vesentleg å ha kompetanse til å utvikle materiell som er tilpassa nasjonale forhold, og som ein ikkje har høve til å få kjøpt frå andre land. Dette vil igjen bidra til at Noreg er i stand til å tilby teknologi og løysingar som dekker behov hjå våre allierte. Den forsvarsindustrielle strategien må sjåast i lys av Noreg sine forsvars- og tryggleikspolitiske rammevilkår.
Unge Venstre meiner det er i Noreg sine forsvarspolitiske interesser å auke produksjonskapasiteten innan forsvarsindustrien på kort så vel som lang sikt. Dette er både for å kunne levere den ammunisjonen og dei våpensystema som Ukraina treng for å vinne sin krig, men også for å vere sikre på at vårt eige forsvar vil vere tilstrekkeleg forsynt i fred, krise, og krig. I tillegg til reint faktisk å utvide produksjonsevna, inneber dette også at ein må vere villig til å prioritere nok kraft til industrien, slik at ein har evne til å auke.
2.3 Infrastruktur
2.3.1 Infrastruktur for eige forsvar
Skal ein klare å skape eit forsvar som møter den nye tryggleikspolitiske situasjonen, er vi også avhengige av å etablere ein infrastruktur som fungerer i krig så vel som i fred. Skjenegåande transport er viktig for raskt å kunne flytte styrkar, særleg dei tyngre avdelingane, rundt omkring i landet.
Unge Venstre vil
- at det skal byggast meir skjenegåande transport, spesielt i Nord-Norge
- fortsette å ha eit sterkt forsvar i heile landet
- at det blir utført ei grundig kartlegging av svakheiter i norsk jernbanenett og prioriterer utbetringer av desse i Nasjonal transportplan
- at utbetring og elektrifisering av Rørosbanen skal bli prioritert, slik at den er rusta til å kunne avlaste Dovrebanen i kritiske situasjoner
- at det skal byggast fleire krysningsspor
2.3.2 Mottak av allierte styrkar
Nøkkelen til norsk tryggleik er tett samarbeid med våre allierte. Vi vil derfor auke antal allierte øvingar i Noreg, styrke det nordiske forsvarssamarbeidet, og bygge ut infrastrukturen for mottak av allierte styrkar, slik at vi lettare kan opere saman. Det må bli lagt til rette for førehandslagring av materiell for allierte styrkar.
2.3.3 Infrastruktur for resten av tryggleikspolitikken
Klimaendringane fører med seg at handelsruter som før var utenkelege etter kvart blir høgst aktuelle. Etter kvart som større delar av polisen i nord smelter vil Nordaustpassasjen bli stadig meir attraktiv for handel og skipsfart. Ved å sikre tilstrekkeleg hamnekapasitet i Finnmark, kombinert med skjenegåande infrastruktur, vil Noreg kunne etablere seg som førsteval for handel gjennom Nordaustpassasjen. Om naudsynt bør ein bygge ut ei ny hamn som kan fungere som handelshamn for passasjen. Utbygging av jernbane til Finnmark bør samankøyrast med det svenske og det finske jernbanenettverket.
2.3.4 Vern av sivile
Gode og operative varslingssystem og tilstrekkeleg med tilfluktsrom er avgjerande for å trygge sivile under krigssituasjonar. Kommunen må sikre en tilstrekkeleg dekningsgrad av tilfluktsrom. Unge Venstre meiner også det er på tide å gå til innkjøp av Patriot-system som luftvernssystem for Bergen, Trondheim, og Oslo.
2.3.5 Vern av infrastruktur i krise og krig
Vern av infrastruktur i krise og krig er avgjerande for å oppretthalde funksjonane i samfunnet og beskytte ressursane til nasjonen. Infrastruktur omfattar vegar, bruer, jernbane, energiforsyning, kommunikasjonsnettverk, vannforsyning, helsevesen, og mykje meir. Infrastruktur er avgjerande for å kunne frakte folk, mat, og andre varer ved kriser og krig. Ved nye byggeprosjekt skal miljø og robustheit alltid prioriterast.
Unge Venstre vil
- at etablert infrastruktur skal bli utbetra for å kunne tole meir ekstremvêr og eventuelle angrep
- investere i tilstrekkeleg med naudsynt utstyr for å drifte feltsjukehus
- auke maksimalkapasiteten ved intensivavdelingane ved norske sjukehus
- verne om kulturminner, også i krise og krig
2.4 Beredskap
I åra framover må Noreg i større grad prioritere beredskap. I ei verd med stadig meir ekstremvêr, uvisse, og konflikt er ein solid beredskapsstruktur med på å auke tryggleiken for befolkninga. Med god beredskap kan samfunnet reagere effektivt og lettare beskytte innbyggarane. Noreg treng å bygge nye og oppgradere gamle tilfluktsrom. Alle innbyggarane må ha kjennskap til sitt nærmaste tilfluktsrom.
2.4.1 Matberedskap
Eit grunnleggande element for å sikre god beredskap er tilgang på mat. Sjølvstende i matforsyning er avgjerande for å sikre nasjonal ubundenskap ved ei krise. Dette er med på å verne Noreg mot potensielle forstyrringar i den globale forsyningskjeda. For å trygge matberedskapen i Noreg er vi avhengige av å ta vare på matjorda. Dette betyr at ein må styrke jordvernet. Unge Venstre ønsker også å styrke det internasjonale samarbeidet innan matberedskap for å sikre best mogleg prioritering av matressursane.
2.4.2 Energiberedskap
Energipolitikk er tryggleikspolitikk. Kraftsystemet er ein av dei viktigaste infrastrukturane vi har. Derfor vil Unge Venstre bygge fleire mellomlandskablar for å sikre fleksibilitet og forsyningssikkerheit i det europeiske energimarkedet.
2.5 Nordområda
Arktis har lenge vore prega av tryggingspolitisk stabilitet og førebels har rivaliseringa i Arktis vore moderat. Stormaktsrivalisering, klimaendringar, og Russland si krig i Ukraina bidrar likevel til å endre internasjonal politikk i nordområda, og Noreg må framover manøvrere i eit Arktis prega av aukande geopolitisk konkurranse. Nye geopolitiske rammer påverkar Noreg sitt handlingsrom i nordområda, og det er dermed særs viktig at Noreg tar ei sentral rolle i det høge nord og bidrar til å sikre stabilitet og føreseielegheit i regionen. Å legge til rette for dialog gjennom internasjonale fora, slik som Arktisk råd, er viktig.
Det er avgjerande for breidda av Noreg sine interesser å halde oppe Arktis som ein fredeleg og stabil region basert på internasjonalt samarbeid og respekt for folkerettslege prinsipp. Samstundes som vi søker samarbeid, er det derimot viktig at Noreg held oppe ei tilstrekkeleg forsvarsevne og ein tilstrekkeleg beredskap for å sikre suvereniteten vår og tryggleiken i Nordområda. Dette inneber å ha robuste forsvarsstrukturar og styrke NATO sitt fokus på tryggleik i nordområda.
Klimaendringar i Arktis set regionen høgare opp på den internasjonale dagsordenen, av ei rekke grunnar. Auka moglegheiter for skipsfart, tilgang til naturressursar, og konsekvensar av klimaendringane andre stader i verda er blant desse. Ikkje berre skal Noreg gjere sitt for å forhindre klimaendringar, men Noreg må også gå føre for at nordområda igjen blir eit sentrum for berekraftig energi, gjennom satsing på teknologi, kompetanseutvikling, utdanning, og forsking.
Det er i norske interesser å sikre grunnlaget for eit veksande folketal i nord. Dette fordrar ei satsing på regionen, ei utbygging av infrastruktur, og ei sterkare satsing på kunnskap og utdanning. Klimaendringane aukar sjansane for auka kommersiell interesse i nord ettersom Nordaustpassasjen mogleggjer skipsfart gjennom nordområda. Noreg bør utnytte situasjonen ved å legge til rette for at norske hamner blir nytta og vere eit alternativ til Russland sitt ønske om å vere leiande i den økonomiske aktiviteten i nord.
3. Utanrikspolitikk
3.1 Målet med utenrikspolitikken
Utgangspunktet for Unge Venstre sin utanrikspolitikk er det liberale målet om meir samarbeid og auka fridom på tvers av landegrenser. Noreg er eit lite land som aleine har liten innverknad på verdssamfunnet. Målet til Noreg blir derfor best nådd gjennom ei styrking og vidareutvikling av internasjonale institusjonar som fremmer menneskerettar, demokrati, marknadsøkonomi, klima, og respekt for internasjonal lov og rett.
Norsk utanrikspolitikk skal også fremme norske interesser internasjonalt. Dette blir gjort både ved å styrke samarbeidet med våre tette allierte og nære handelspartnarar, og samstundes ved å bidra til positiv utvikling i det globale sør. Noreg si pragmatiske tilnærming til internasjonalt samarbeid må førast vidare da dette i beste grad fremmer våre verdiar og interesser.
3.2 Noreg sin relasjon til andre land
3.2.1 EU
Krisene Europa står overfor krev kollektiv handling og grenseoverskridande samarbeid. Det er krig i Europa, vi står i ei energikrise, og miljøutfordringane aukar. EU-medlemskap opnar døra for at Noreg kan ta større del i arbeidet med å forme Europa i framtida – eit Europa tufta på samarbeid, menneskerettar, og solidaritet.
EU har i aukande grad blitt ein reell geopolitisk aktør, og det europeiske fellesskapsprosjektet om å skape fred gjennom tett samarbeid og integrasjon blir vidareført og forsterka. EU tar i større utstrekking enn tidlegare meir omfattande avgjerder, og unionen påverkar dei europeiske samfunna i svært stor grad; det gjeld også det norske.
Unge Venstre meiner eit norsk EU-medlemskap vil vere avgjerande for å sikre norske interesser i framtida. I prosessen med å bli medlem av EU meiner vi at det er naudsynt med ei folkerøysting, slik som det tidligare blei gjennomført i 1972 og 1994. Spørsmålet om EU-medlemskap har vore eit betent politisk tema, og Unge Venstre meiner ei folkerøysting vil vere sentralt for å legitimere eit EU-medlemskap hjå den norske befolkninga.
Det andre stor stridsspørmålet vil vere om norsk innlemming i eurosona. Unge Venstre meiner det vil vere viktig for Noreg å halde seg utanfor eurosona, og at dette må stå sentralt i forhandlingane.
For at EU framleis skal spele ei sentral rolle i det globale maktsystemet, vil vidare styrking av unionen vere sentralt, og noko Noreg burde vere pådrivar for både før og når vi er medlem av EU. Unge Venstre meiner det er formålstenleg å reformere unionen for å sikre at dei folkevalde organa får meir avgjerdsmakt enn i dag, og dessutan for tettare europeisk integrasjon.
Unge Venstre vil
- utarbeide ei felles europeisk grunnlov som varetar EU sine verdiar om menneskerettar, rettsstat, og demokrati
- innføre eit felles system der EU sine yttergrenser er sikra, og der flyktningar som kjem til Europa blir fordelte på ein rettferdig måte
- at EU skal sørge for at grunnleggande menneskerettar og retten til asyl blir tatt i vare
- sørge for at nærleiksprinsippet blir lagt til grunn i større grad enn i dag i ulike avgjerder som blir tatt av unionen
- fjerne krava om samrøysta i ministerrådet og Rådet for Den europeiske unionen
- stille seg positiv til utviding av EU mot aust
- stille seg positiv til ein ny traktat der ein konkretiserer forsvarssamarbeidet
3.2.2 Taiwan
Taiwan opplever stadig større press frå Kina. Noreg har eit ansvar for å støtte det demokratiske Taiwan i kampen dei fører mot eit stadig meir autoritært Kina. For oppnå dette vil Unge Venstre stimulere for at Taiwan skal kunne etablere ambassade i Noreg, og dersom Taiwan ønsker det, vil Unge Venstre at Noreg anerkjenner Taiwan son ein suveren stat. Noreg bør straks opne for meir handel med Taiwan og opne for eksport av militært materiell til landet.
3.2.3 Kina
Kina styrker sin posisjon som ei stormakt, ikkje berre i sitt eige nærområde, men også globalt. Dei autoritære styresmaktene i landet viser avgrensa respekt for menneskerettar og internasjonal rett, og den negative utviklinga ser ikkje ut til å minke.
Dei siste tiåra har handelssambanda mellom Vesten og Kina blitt stadig tettare, og det er i stor grad uunngåeleg å ikkje ha tette handelssamband med Kina. Bevisstgjeringa rundt at handel også er tryggingspolitikk har derimot auka, og det er av økonomiske og tryggingspolitiske årsaker viktig at Noreg og Vesten gjer seg mindre avhengige av Kina. Noreg sin nærast ukritiske handel og samarbeid med Kina dei seinare åra bør korrigerast.
Kinesiske styresmakter prøver aktivt å undergrave kritikk for brot på sine menneskerettslege forpliktingar. I 2016 blei dette demonstrert ved han såkalla normaliseringsavtalen mellom Noreg og Kina. Unge Venstre er sterkt kritisk til avtalen, da han i praksis medfører at norske styresmakter ikkje kan kritisere Kina for omfattande undertrykking og menneskerettsbrot. Derfor vil Unge Venstre skrote normaliseringsavtalen med Kina, og Noreg bør bryte med eitt-Kina-politikken.
Eit tettare samarbeid med den vestlege verda er den mest effektive tilnærminga til å svekke den kinesiske rolla på den internasjonale arenaen. For Noreg inneber utviklinga at medlemskap i EU vil vere gunstig, da det utan tvil vil vere fordelaktig å ta del i ei europeisk eining når ein forhandlar om fleirnasjonale handelsavtalar.
Det beste forsvaret mot den kinesiske dominansen er å ha ein sterk og motstandsdyktig økonomi forankra i eit samla og samarbeidsvillig EU. Møter Noreg kinesiske straffetiltak aleine, slik vi såg førre tiår, vil vi vere mykje mindre førebudd enn dei som er ein del av eit samarbeidsfellesskap. Dette blir særleg viktig i ei tid der verda viser tendensar til fragmentering og Kina styrker sin posisjon på verdsscena.
Noreg bør vidare prioritere alternative marknader utanfor Kina. Det vil vere ein stor fordel å ikkje vere fullstendig avhengig av handel med dei, særleg viss Kina utøver økonomisk makt som pressmiddel. Ved ei eventuell skjerping av rivaliseringa mellom USA og Kina, og i verste fall ein fullskala krig, utgjer Noreg si avhengnad av kinesiske varer ei stor svakheit for norsk økonomi, beredskap, og forsyningstryggleik.
Komponentar og verdikjeder for kritisk infrastruktur må vere heilt fri for kinesisk avhengnad. På sikt bør det vere eit mål å minimere avhengnad av Kina for alle våre infrastrukturar.
3.2.4 Ukraina
Krigen har vendt tilbake til Europa med eit omfang og ein brutalitet vi ikkje har sett sidan den andre verdskrigen. Det er ikkje berre ein krig mellom Russland og Ukraina, men ein krig mellom diktatur og demokrati, mellom tilbakesteg og framgang, og mellom det autoritære og dei liberale verdiane. Slaget står til sjuande og sist om vår felles fridom på dette kontinentet. Det angår i høgaste grad oss også.
Noreg står saman med Ukraina under og etter Russland sin invasjon. Noreg skal halde fram med å gi støtte til Ukraina i form av økonomisk, humanitært, og militært materiell både på eigen hand, men også gjennom samordning og dialog med våre allierte og EU. Noreg må hjelpe Ukraina med det som trengst – enten det er nødhjelp, støtte til å hindre cyberangrep, eller auka etterretningssamarbeid.
3.2.5 Russland
Russland går i stadig meir totalitær utvikling. Putin har eit jerngrep om makta og fortset si hemningslause og brutale krigføring i Ukraina. Noreg sitt forhold til Russland kjem i framtida til å bli meir prega av avskrekking framføre roleggjering. Samstundes kan Noreg trygge meir føreseielegheit gjennom å ruste opp vårt eige forsvar, og gjennom det hevde meir av suvereniteten vår i nordområda sjølv. Invasjonen av Ukraina må også få konsekvensar for det norske bilaterale forholdet til Russland. Norske bankar bør stoppast frå å opptre som korrespondent-bankar for russiske finansinstitusjonar og bankar.
Norske styresmakter bør ikkje gi nye lisensar til russiske selskap på norsk sokkel, og regjeringa bør sette i verk ein prosess for å sjå på moglegheita for å stenge ute russiske selskap som allereie har fått slike lisensar. Fri tilgang for russiske skip langs kysten og i norske hamnar utgjer i dag ein enorm tryggleikspolitisk risiko. Noreg bør derfor straks innføre hamneforbod for russiske skip, trekke tilbake farleisbevisa til russiske navigatørar, og legge russiske skip innunder losplikta.
3.2.6 Vest-Sahara
Unge Venstre støttar Vest-Sahara sin kamp for sjølvstyre, og vil anerkjenne Vest-Sahara som ein sjølvstendig stat. Vi fordømmer Marokko si folkerettsstridige behandling av den saharawiske befolkninga. Den marokkanske staten si behandling av befolkninga har ført over halvparten av dem på flukt. Sidan okkupasjonen har over 200 000 saharawiar levd under ekstreme kår i flyktningleirar i Algerie.
Unge Venstre støttar fridomskjemparane sitt krav om å halde ei fri, rettferdig, og juridisk bindande folkerøysting i Vest-Sahara om deira sjølvstende. Resultatet må bli respektert av Marokko og det internasjonale samfunnet. I tillegg vil vi auke presset mot Marokko som okkupasjonsmakt.
3.2.7 Kurdistan
Kurdistan er eit område busett av kurdarar som strekk seg over Syria, Iran, Irak, og Tyrkia. Det kurdiske folket har sidan starten på 1900-talet uttrykt eit ønske om å få samla folket sitt til ein nasjonalstat. I dei fire landa har kurdarane blitt utsett for varierande grad av forfølging. Det har fleire gonger blitt rapportert om drap, tortur, og vilkårleg internering retta mot kurdarar.
Rett til sjølvstyre og fridom frå undertrykking er eit av nøkkelelementa i ei liberal verd. Unge Venstre meiner at vi må gi kurdarar sjølvråderett, og at dei grunnleggande menneskerettane deira må bli varetatt. Etter ønsket til kurdarane bør Noreg anerkjenne Kurdistan som eit eige land.
3.2.8 Israel–Palestina
Israel–Palestina-konflikten er ein komplisert konflikt, der ein er nøydd til å ta omsyn til begge partar i forsøket på å finne ei fredfull løysing. Derfor meiner Unge Venstre at både Israel og Palestina skal anerkjennast som to sjølvstendige statar. Dette inneber at Palestina skal få fullverdig medlemskap i FN.
Vi støttar kampen til palestinarane for fridom, og meiner at i ei tostatsløysing må grensene frå før 1967 bli respekterte. Unge Venstre fordømmer dei israelske blokadene av Gazastripa og okkupasjonen av Vestbreidda, og meiner dei må bli oppheva. Løysingar som varetar sivilbefolkninga som vil leve på ulike sider av tostatsløysinga er avgjerande.
Eit av dei farlegaste utviklingstrekka ved konflikten i dag er Israel si politiske utvikling. Denne kan få fatale konsekvensar for moglegheita for fredeleg løysing mellom Israel og Palestina. Derfor er det viktig at Noreg viser offentleg støtte for opposisjonen som jobbar for ei demokratisk utvikling i landet.
Unge Venstre meiner Noreg skal be Israel til å respektere jurisdiksjonen til den internasjonale straffedomstolen, for å undersøke krigsbrotsverk i Palestina.
3.2.8 USA
Forholdet mellom USA og Europa, inkludert Noreg, har opplevd stor turbulens dei seinare åra. Denne utviklinga har implikasjonar for den liberale verdsordenen som er tufta på prinsipp som frihandel, internasjonalt samarbeid, menneskerettar, og demokrati.
Noreg må vere ei tydeleg stemme for vidareføringa av dei transatlantiske relasjonane og styrke det multilaterale systemet og utbreiinga av liberalismen globalt. Det ligg likevel føre aukande usemje mellom USA og Europa rundt utanrikspolitiske verdiar og mål, og den utanrikspolitiske profilen Noreg har hatt dei seinare tiåra må truleg endrast.
Dei isolasjonistiske tendensane USA viser gjer det viktigare for Noreg å bevege seg i retning av auka samarbeid og integrasjon med dei europeiske nabolanda våre. Trass i den globale bølga av populisme og proteksjonisme er det klart at Europa står fram som ei sterkare sjølvstendig stemme internasjonalt, med aukande global innverknad. Noreg må ta del i dette arbeidet. Noreg vil vere tent med å ta ei sentral rolle i det europeiske samarbeidet og redusere avhengnaden av USA.
For sjølv om det er i USA si interesse å ta del i arbeidet med å sikre europeisk tryggleik og utvikling, ser vi tydelege tendensar til at USA retter fokuset bort frå Europa over til Aust-Asia. Som ein direkte konsekvens av dette må europeiske land gjere meir for å vareta tryggleiken sin på eiget kontinent ved å styrke våre eigne militære kapasitetar betydeleg. Det finst likevel ingen realistiske alternativ til det euroatlantiske tryggingsfellesskapet, og det er få grunnar til å oppsøke andre alternativ, ettersom samarbeidet i NATO fungerer godt.
USA sikrar fridommen vår samstundes som at Europa bidrar til å vareta USA sine vitale interesser. Av denne grunnen vil amerikansk nærvær og fokus bli retta mot Europa i tida vi har i møte. Men at Europa i større grad blir nøydd til å sikre eigne tryggleikspolitiske og økonomiske interesser framover, er klart. Derfor må Noreg i større grad ta omsyn til den internasjonale utviklinga ved utforminga av utanrikspolitikken vår.
3.2.9 Tryggingsrådet i FN
FN treng auka legitimitet for å sikre varig fred og stabilitet i verda. Derfor må Tryggingsrådet si samansetning og sin måte å virke på endrast. Vetoretten til dei store landa bør svekkast. FN sitt apparat for å leie og koordinere internasjonale styrkar, nødhjelp, og bistand på en effektiv og målretta måte må styrkast.
Unge Venstre vil
- at blokkering av vedtak i Tryggingsrådet krev at minst to av dei faste medlemmene stemmer imot
- at landa som inngår i Tryggingsrådet endrast for å representere verda i større grad
3.3 Handelspolitikk
3.3.1 Handel
Frihandel har vore ein av dei fremste årsakene til den drastiske fattigdomsreduksjonen verda har sett dei siste tiåra. Den har gitt utviklingsland høvet til å styrke den økonomiske veksten sin, og har ført til ein gjensidig avhengnad mellom land som igjen reduserer sjansane for krig og konflikt. Derfor vil Unge Venstre kjempe for å oppheve tollmurar og handelsbarrierar som motverkar frihandel, og dessutan legge til rette for fleire plurilaterale avtalar.
Risikoen for global geoøkonomisk fragmentering er reell og aukande, og det er i Noreg sine interesser å motverke dette ved å bidra til fridomsfremmande handelsliberalisering. Verdshandelsorganisasjonen (WTO) og det globale handelsregelverket er bra for Noreg. Likeins har EØS-avtalen og deltakinga i EU sitt indre marknad på likeverdige vilkår med anna europeisk næringsliv vore positivt for norsk økonomi og norsk næringsliv. Når det gjeld EØS-avtalen, er han utan samanlikning Noreg sin viktigaste handelsavtale, og EU-landa er utan samanlikning Noreg sine viktigaste handelspartnarar. Det er i kraft av dette formålstenleg for Noreg å søke eit tettare samarbeid med unionen.
3.3.2 Handel som tryggleikspolitikk
I ei meir ustabil geopolitisk verd dreier handelspolitikk seg også om tryggleikspolitikk, sidan økonomisk samarbeid og avhengnad mellom nasjonar kan vere både ei kjelde til stabilitet og ei potensiell sårbarheit. Noreg må derfor vere medviten dette og ikkje ukritisk samhandle med autoritære regime.
Bruken av handelsboikott bør avgrensast til det strengt naudsynte. Noreg skal ha fokus på å fremme demokratiske verdiar og menneskerettar også ved handel med andre statar; boikott som verkemiddel kan ha avgrensa innverknad på å forbetre forhold, men heller ha tilfeldige utslag. Noreg bør derimot arbeide for å etablere dialogkanalar og diplomatiske samband for å fremme positiv endring innanfor desse statane. Handel med land som klart undergrev grunnleggande menneskerettar og bryt internasjonal rett må Noreg ta avstand frå, også i handelspolitikken; her bør Noreg søke å komme i semje med dei europeiske naboane våre.
3.3.3 Fridomsfremmande handel
Verda er i ein stor endringsprosess der autoritære regime samarbeider, og demokratiske land må også samarbeide tettare. Det er ein reell trussel om militær konflikt mellom demokratiske allierte og Kina i nær framtid. Den kinesiske ambisjonen om å etablere ein ny internasjonal orden med seg sjølv i sentrum, og dessutan teknologikonkurransen, er sentrale utfordringar. Samtidig er grøn omstilling avgjerande. Global handel og verdikjeder har skapt velstand og teknologioverføring, men også gjensidig økonomisk avhengnad. Den aukande konflikten mellom demokrati og autoritære regime gir nye utfordringar. Stormakter vil sannsynlegvis prioritere geopolitiske interesser i nærings- og handelspolitikken, og det er i Noreg si interesse å fremme internasjonalt samarbeid heller enn nasjonalisme og proteksjonisme.
Det er eit paradoks at det manglar eit forum for land med felles verdiar å samarbeide om handelspolitikk, trass i militært samarbeid gjennom NATO. For å handtere utfordringane bør EU vere like viktig som NATO i Noreg sin tryggingspolitikk. Økonomisk samarbeid på tvers av Atlanterhavet og med andre demokrati er også naudsynt. Det bør søkast observatørstatus i initiativ som EU-US Trade and Technology Council og EU-India Trade and Technology Council. Det er også forslag om meir institusjonalisert økonomisk samarbeid, som Noreg bør støtte for å redusere avhengnaden av autoritære land for å forsvare grunnleggande menneskerettar og demokratiske og liberale verdiar.
Med tanke på ein mogleg militær konflikt med Kina bør Noreg redusere den økonomiske avhengnaden sin av Kina, spesielt innan grøn teknologi og råvarer for grøn omstilling og varer som er tryggingspolitisk viktige. Dette er strategisk viktig da Kina dominerer fleire grøne energiteknologiar og råvarer globalt. Redusert avhengnad av kinesisk teknologi som samlar inn data om norske borgarar som kan givast vidare til kinesiske selskap er også naudsynt av omsyn til nasjonal tryggleik. Dette krev internasjonalt samarbeid og ein langsiktig plan for fridomsfremmande handelspolitikk.
Unge Venstre vil alltid forsvare demokratiet, menneskerettane, og fridommen i verda og Noreg. Da er det viktig at vi har ein handelspolitikk som fremmer fridom.
3.3.4 Oljefondet
Unge Venstre meiner at Oljefondet bør ta ei større politisk rolle i norsk utanrikspolitikk. Det er viktig at Oljefondet først og fremst skal halde fram med å vere ein reiskap som sikrar den felles formuen til nasjonen. Likevel bør norske interesser og verdiar i større grad bli vektlagt i investeringane Oljefondet har i land og selskap.
Unge Venstre vil
- stramme inn dei etiske retningslinjene for å forhindre at Oljefondet investerer i selskap som er knytt til ulovleg okkuperte område eller menneskerettsbrot
- innføre risikobasert førehandsfiltrering for Oljefondet sine investeringar
- at Oljefondet sluttar å investere i selskap som driv med olje og gass, og samstundes aukar investeringane i fornybar energi internasjonalt
- stille strengare klima- og miljøkrav til investeringane fondet gjer
3.4 Utviklingspolitikk
Norsk utviklingspolitikk skal bidra til auka fridom og betra livskvalitet til mennesker globalt. Unge Venstre meiner Noreg har ressursane og ei moralsk plikt til å jobbe for ei friare og meir rettferdig verd.
Unge Venstre vil at vi skal bruke bistandsmidla slik at vi får utretta mest mogleg per krone. Det inneber å prioritere tematiske område der Noreg har kompetanse, og dessutan redusere talet på mål og satsingar. I tillegg må vi drastisk redusere talet på land, partnarar, og prosjekt i norsk bistand. Vi bør også prioritere tiltaka med størst dokumentert effekt, og dessutan utvide bruken av resultatmål og effektivitetskrav.
Unge Venstre meiner Noreg bør prioritere å gi meir i bistand enn det vi gjer i dag, og at bistanden skal bli tydelegare kategorisert. Eit prosentmål er viktig for å sørge for forpliktande og kontinuerleg bistand. Derfor vil Unge Venstre at vi skal ha eit prosentmål for bistand på 2 % av BNI: 1 % til tradisjonell kamp mot fattigdom og humanitær nødhjelp og 1 % av BNP til globale fellesgode, blant dei klimafinansiering. I tillegg bør det vurderast å innføre ei kategorisering av kva tiltak som skal ha effekt på kort og lang sikt.
Utviklingspolitikken må sjåast som ein integrert del av norsk utanriks- og tryggingspolitikk. Ei verd med mindre klimaendringar, konflikt, og fattigdom er også i Noreg si eigeninteresse. Det er dessutan vesentleg billigare å redusere konsekvensane av klimaendringane nå, enn å handtere dei når det er blitt for seint. God bistand er derfor ei effektiv investering i vår felles framtid.
Samstundes er det eit faktum at dei store utfordringane verda står overfor ikkje kan løysast gjennom offentlege budsjett aleine. Det trengst store private investeringar dersom vi skal nå måla vi har sett oss i fellesskap. Unge Venstre meiner Noreg kan spele ei leiarrolle i dette arbeidet. Derfor vil vi mellom anna opprette og vidareutvikle statlege garantiordningar for å mobilisere privat kapital og investeringar i utviklingsland. Det er likevel viktig at desse er av tilstrekkeleg storleik, og at det ikkje blir sette av ei tapsavsetting i statsbudsjettet.
Unge Venstre vil
- konsentrere bistanden på færre mottakarar og prosjekt, og sikre meir og betre oppfølging av bistandsprosjekt
- gi ein større del av bistanden til langsiktige prosjekt
- sørge for meir openheit, slik at det skal vere enklare å spore kvar og korleis bistandsmidla blir nytta
- støtte fleire mindre prosjekt der lokale organisasjonar er involverte for i større grad å sikre lokal eigarskap
- bruke ein større del av bistandsbudsjettet på tiltak for å få bukt med ekstrem fattigdom
- stille oss positive til auka bruk av kommersielle aktørar i bistanden, så lenge dei klarer å vise til resultat
- fjerne mottak av flyktningar som del av bistandsbudsjettet
- jobbe internasjonalt for ei strammare praktisering av ODA-bistand, mellom anna ved at flyktningar ikkje skal reknast som ODA-godkjend bistand, og utviklingslanda skal få meir innverknad i diskusjonen om korleis ODA-reglane er utforma
- doble klimabistanden og stille klimakrav til all langsiktig bistand, slik at prinsippet om at den som forureinar betaler skal vere rådande i klimafinansieringa
- jobbe for at utfordringa med gjeld i utviklingsland skal reduserast gjennom å slette illegitim u-landsgjeld, støtte ein internasjonal uavhengig gjeldsslettemekanisme, og skaffe auka kompetanse innan ansvarleg låntaking. Vi vil ikkje at det skal stillast krav om privatisering og deregulering for å få sletta gjeld
- auke fokuset på skattlegging og kampen mot korrupsjon og ulovleg kapitalflyt, og i større grad integrere dette som delar av bistandsprosjekt
- at regjeringa utarbeider ein heilskapleg stortingsmelding om vegskiljet i norsk utviklingspolitikk i åra framover
- utarbeide ein investeringsinstruks for forvaltninga av norsk bistand
- redusere gebyra for migrantoverføringar
