Hopp til hovedinnhold

4. mars 2017

| Oppdatert 20. januar 2022

Rettferdig global handel – ein forbrukarsak

Frakteskip med container

Rettferdig global handel er viktig for å sikra at og fattige land kan få ein betre økonomi, men den globale industrien står og bak mange menneskerettsbrot. At forbrukaren ikkje har den reelle mogeligheita til å vela produkt som er meir etiske er derfor eit problem. I dag finst det ingen krav til at bedriftene må angje informasjon om deira produksjon, mange held denne informasjonen hemmeleg eller er usikre på forholda sjølv.

Ei merkevareordning som famnar breiare enn fair trade er derfor ønskeleg, slik at enkeltprodukt som er produsert av alminnelege fabrikkar og kan oppfylla dei etiske krava. For å forhindra at dette berre blir ei nisje bør det og innførast krav om å informera om arbeidsforhold, slik at det famnar bredt. På denne måten blir det lettare for forbrukaren å vere opplyst om etikken rundt det dei kjøper, og bidra til ein meir rettferdig global handel.

Rettferdig global handel krev også at fattige land får tilgang til marknader på rettferdige premissar. Unge Venstre vil derfor styrke ordninga med nulltoll for utviklingsland. I dag er det berre dei fattigaste landa som har mogligheit til å selje varer til Noreg med nulltoll, mens de meir utvikla landa, som er betre stilt til å oppfylle norske krav til helse og kvalitet, er heldt utanfor. Ordninga manglar også tryggingsmekanismar for land som står i fare for å bli så utvikla at dei mister den tollfrie tilgangen til norske marknader.

Unge Venstre vil:

  1. Innføra merkeordning på produkt som oppfyll etiske krav.
  2. Gje momsfrådrag til produkt som kan bevisast å ha blitt produsert på ein tilstrekkeleg etisk måte.
  3. Innføra informasjonskrav som bør gjelda for varer som direktoratet for forvaltning og IKT klassifiserer som høgrisiko; det vil seia blant anna tekstilar, sko, møblar, kaffi og leiker.
  4. Auka støtta til organisasjonar som hjelp forbrukarar og næringsliv å handla meir etisk.
  5. Utvide ordninga med nulltoll for utviklingsland til å gjelde fleire land.
  6. Endre ordninga med nulltoll for utviklingsland, slik at land gis en overgangstid på 10 år før de mister nulltollen.

Del artikkelen