Hopp til hovedinnhold

7. februar 2022

| Oppdatert 8. februar 2022

Seks punkter til Taliban

Vedtatt av landsstyret 05.02.22

Den situasjonen som no utspelar seg i Afghanistan er særs alvorleg. Det Afghanske folket lever no under eit brutalt og undertrykkande regime styrt av Taliban. Alt av dei rettane som befolkninga ein gong hadde er no vekke. I tillegg til dette står no landet ovanfor ei gedigen humanitær krise. Uttrekkinga av Afghanistan var eit feilgrep, som skjedde på eit altfor tideleg  tidspunkt. Noko som blant anna medverka til ein kollaps av det Afghanske militærvesenet. Men all den tid uttrekkinga og Taliban si maktovertaking er eit faktum, er det viktig at Noreg gjer det ein kan for å betra situasjonen i landet.

Desse punkta meiner Unge Venstre at bør prioriterast inn i forhandlingane:

  1. Det er Noreg si plikt å ta vare på dei som har tenestegjort for landet, ogso dei med eit anna statsborgarskap enn norsk. Difor er ei av dei viktigaste sakene i samtalane om situasjonen i Afghanistan at Noreg får moglegheita til å hente ut personar og familien deira, som har tenestegjort for Noreg eller NATO og er igjen i Afghanistan og som no er i ein truande situasjon. 
  2. Hjelpeorganisasjonars integritet skal ivaretakast i landet.
  3. Naudhjelp bør i størst mogleg grad verte organisert gjennom SN eller hjelpeorganisasjonar, som kan distribuera dette  direkte til folket. 
  4. Kvinners rett til utdanning 
  5. Krav til demokratisk utvikling i landet
  6. Menneskerettane må respekterast 

Del artikkelen