Uttalelse vedtatt av landsstyret 05.02.22
Dersom Forsvaret skal kunna fungera best mogleg, er det avgjerande at forsvaret klarar å få henta inn dei beste hovuda, som er best skikka til å løysa dei oppdraga dei vert stilt ovanfor. I dag er det ei lang liste over kriterier som avgjer om ein person er skikka til teneste i Forsvaret eller ikkje. Mange av desse er velgrunna og avgjerande for å oppretthalde Forsvarets operativitet og seriøsitet, andre har gått ut på dato og burde reviderast eller bør verte vurdert fjerna. Utdaterte og irrelevante kriterier kan medføra at Forsvaret kvart år går glipp av viktig kompetanse. Noko som i verste fall kan svekka Noregs forsvarsevne.
Unge Venstre vil:
- at bruk av illegale rusmidler under permisjon eller ikkje stadig teneste, ikkje lenger skal gje grunnlag for dimisjon. Det å stilla i ruspåverka tilstand til teneste vil sjølvsagt fortsatt vera uakseptabelt.
- la HIV-positive tenestegjera i Forsvaret
- be Forsvaret gjennomgå retningslinjene knytt til ADHD og teneste i Forsvaret.
- be forsvaret også gjennomgå sine øvrige retninglinjer for kriteria ein set for å kunne tenestegjere i forsvaret
