Hopp til hovedinnhold

4. mars 2017

| Oppdatert 20. januar 2022

Stopp konsentrasjonsleiren i Tsjetsjenia

Person som holder et Pride-flagg

Utgått - vedtatt av sentralstyret i mars 2017

Den siste tida har ein i Tsjetsjenia sett ein særs negativ utvikling i tilhøva for skeive. I overkant av 100 skeive har vorte arrestert og frakta til ein konsentrasjonsleir i nærleiken av den Tsjetsjenske hovudstaden Groznyj. Fangane vert utsette for tortur og fysisk vald, og vert forhøyrt om og oppfordra til å røpe identitetane til andre skeive i området. Myndigheitene har òg oppretta falske profilar på datingnettsidar for å få kontakt med andre skeive, for so å føre dei til konsentrasjonsleiren. Til no har det vorte rapportert tre dødsfall frå leiren.

Haldninga i det russiske samfunnet ovanfor skeive er jamt over kald, og det er mykje stigma og mange negative sosiale reaksjonar knytt til dei som ikkje identifiserer seg som heterofile. Den sjølvstendige republikken Tsjetsjenia, som ligg inne i Russland, støtter per i dag dødsstraff for dei som er involverte i likekjøna relasjonar. Vener og familie vert òg oppmoda til «æresdrap» på sine skeive kjenningar. Dei Tsjetsjenske myndigheitene fornektar at skeive finnest i republikken.

Unge Venstre fordømmer bruken av dødsstraff mot menneske i likekjøna par, og bruken av konsentrasjonsleire. Verdssamfunnet kan ikkje stå stille og sjå på at slike vonde hendingar finn stad. Konsentrasjonsleiren for Tsjetsjenske skeive er ikkje berre eit tsjetsjensk problem, men òg eit angrep på tanken om at all kjærleik er vakker, og at alle skal få leve det livet dei sjølv ønskjer. Unge Venstre støtter alle formar for kjærleik mellom vaksne menneske som har gjeve samtykke, og krevjar ein stopp i bruken av konsentrasjonsleire.

Unge Venstre vil at:

  1. Tsjetsjenia avskaffar konsentrasjonsleiren
  2. EU og FN legg press på Tsjetsjenia for å avskaffe bruken av konsentrasjonsleire for skeive gjennom til dømes sanksjoner
  3. den norske regjeringa fordømmer Tsjetsjenias angrep på skeive
  4. gjennomgå hvordan skeive behandles i det norske asylsystemet.

Del artikkelen