Hopp til hovedinnhold

7. februar 2022

| Oppdatert 7. februar 2022

Ukraina

Uttalelser vedtatt av landsstyret 05.02.22

Europa står i dag i ein meir krevjande tryggleikspolitisk situasjon enn på lenge. Etter å ha brote sine eigne tryggingsgarantiar  gjevne til Ukraina i 1994, annektert Krim, og invadert Luhansk og Donetsk aust i Ukraina i 2014, gjer Russland seg igjen klar  til ein vidare invasjon av Ukraina. I tillegg til den massive militære oppbygginga på den Russisk-Ukrainske grensa, skjer det ogso ei stor oppbygging på den Belarusisk-Ukrainske grensa. Den russiske tilstadeværsla i Belarus er på eit historisk høgt  nivå. Putin prøver gjennom bruken av militærmakt, og urealistiske krav, som til dømes å ta frå sjølvstendige land retten til  å bestemma over eigen lag, å under grava folkeretten og den liberale rettsbaserte verdsordenen. Det Ukrainske folket har  gjentatte gongar gjort klart sin lengsel etter fridom, tettare europeisk samarbeid og mindre avhengigheit av Russland. Noreg  – som eit land som er fullstendig avhengig av ei rettsbasert liberal verdsorden for å oppretthalda vår handlefridom, har eit særskild ansvar for å stø opp under Ukraina sin kamp. Skal verdas demokrati overleva inn i framtida er ein avhengig at ein støttar opp om kvarandre.

Eit styrka Ukraina som er betre rusta til å motsetta seg ein russisk invasjon er i Europa – si interesse. Dess betre førebudd Ukraina er på ein invasjon dess mindre er ogso risikoen for at ein invasjon faktisk vil finna stad. Samstundes lever folk i og rundt dei invaderte områda i stor grad av fattigdom, og ofte utan tilgang på dei ressursane som krevst for at dei skal på dekt sine grunnleggjande behov.

Unge Venstre:

  1. støttar det Ukrainske og Belarusiske folket i deira kamp for fridom.
  2. vil at Noreg skal kunna gje militær bistand i form av donasjonar av materiell
  3. gje økonomisk stønad til Ukraina både til sivile, so vel som militære formål
  4. at Noreg tar ei aktiv rolle i tryggingsrådet for å få løyst krisa, og for å nå fram med hjelp til folket i dei krigsherja områda. 
  5. at Noreg tilbyr seg å kunna hjelpa til med opptreninga av Ukrainske soldatar dersom ein skulle sjå dette som naudsynt, og  føremålstenleg utifrå det heilskaplege tryggleikspolitiske biletet


Del artikkelen