Utdanning som eit vindauge mot verda

test4

06/12/2017 11:38

Vedtatt av landsmøtet 2017

Verda blir stadig mindre. Kriser, identitetar og kulturar møtast i større omfamn enn før. I tider med aukande internasjonal handel og eit stadig meir internasjonalt arbeidsliv er internasjonalisering av utdanning eit naturleg satsingsområde og politisk mål. Dersom norske myndigheiter og utdanningsinstitusjonar skal dra nytte av moglegheitene ved auka globalisering, samt bidra til å løyse globale utfordringar, må vi i større grad rette blikket utetter.

Internasjonalisering innan utdanning er i høg grad knytt til mobilitet, internasjonale lærebøker, og integrering av internasjonale og fleirkulturelle elever i klasserommet. Det er viktig at prinsippet inngår som ein naturleg del av skulekvardagen. Sameinast utdanning med auka internasjonal medvit, utveksling og erfaringar, både formelt og uformelt, tilfører det meirverdi til skuler og elever i form av fagleg, sosial og kulturell kompetanse.

Utvikling av digitale verktøy spiller ein nøkkelrolle i omstillinga høgare utdanning gjennomgår, og er dessutan eit tiltak som kan sikre kvalitet i utdanning og internasjonalisering. Diverre er digitale høve for samarbeid over landegrenser for dårleg utnytta i Noreg. Mange universitet og høgskular rundt omkring i verda har no byrja å bruka MOOCs, “Massive Online Open Courses”, og millionar av menneske verda over nyttar seg av MOOC-tilbod. MOOCs legg til rette for formidling av kunnskap i stor skala og påverkar internasjonaliseringsprosessen i stor grad. I e-læringa finst det knapt pris- eller fartsavgrensingar, og kompetansen er der. Førebels har norske høgare utdanningsinstitusjonar i liten grad utvikla og teke i bruk MOOC. Noreg bør ta del i den digitale revolusjonen innan høgare utdanning, og difor må det meir middel og eit hurtigare tempo til.

Skal Noreg vere eit kunnskapssamfunn, må vi anerkjenne at kunnskap produserast over heile verda, over landegrenser, og mellom universitet og forskingsinstitusjonar i andre land. 99% av forskinga som nyttast i Noreg kjem frå utlandet, og sjølv produserer Noreg mindre enn 0.5% av verdas forskingsartiklar. Eit høgt fagleg nivå krevjar internasjonal forsking, og det er i vår interesse å oppsøkje og samarbeide med sterke fagmiljø for så å kunne formidle dette i vårt eige land. Eit viktig tiltak for å oppnå dette er samarbeid om felles utforming av akademiske grader med utanlandske universitet.

Om Noreg skal hevde seg innan forsking og utdanning, er det dessutan viktig at norske institusjonar evnar å tiltrekkja seg utanlandske studentar. Fleire europeiske land har dei siste åra innført høgare studieavgifter for studentar frå land utanfor EØS. Dette meiner Unge Venstre at er ei utvikling i feil retning; gratisprinsippet er essensielt dersom vi skal ha eit system der evne, talent og innsats er viktigare enn geografisk tilhøyrsle og økonomisk bakgrunn. Mastergrader i Noreg må også, i større grad, vere tilgjengelege for studentar med bachelorgrad frå utlandet. I dag møter internasjonale søkjarar svært spesifikke opptakskrav til masterprogram ved norske universit, som regel utforma etter norske bachelorgrader i faget, og ergo lukkes dørene for mange internasjonale søkjarar.

Internasjonale impulsar gjennom delstudier og utveksling i utlandet gjev positive effektar for den enkelte, arbeidslivet og samfunnet. EU er ein viktig pådrivar for dette, og Erasmus+-ordninga har sikra betre mobilitet for studentar på kontinentet. 21% av norske studentar bruker ordninga i løp av studiane, men det er likevel store regionale forskjellar. Norske institusjonar må nytta EUs utvekslingsordningar til å støtte om institusjonanes eigne prioriteringer og byggje opp eit større nettverk mellom instituttene i Europa

Å ta deler av utdanninga si i utlandet er diverre økonomisk utilgjengeleg for mange norske studentar i dag. Hjå mange prestisjefylte institusjonar er ikkje Lånekassen sin finansieringsmoglegheiter tilstrekkeleg for å dekkje skulepengar og levekostnader. Det er få ordningar for doktorgradsstipendiatar i utlandet, og mange norske studentar har problemer med å finansiere løpet når dei først har kome inn på ein doktorgrad i utlandet. Unge Venstre meiner at det bør utviklast kvalitetslister som gjeve meir stipend til dekning av skulepengar hjå institusjonar av høg kvalitet, samt at Forskningsrådet sitt personlege doktorgradsstipend bør styrkast både i form av midlar og omfamn for å gjer forskingsarbeid i utlandet meir tilgjengeleg for norske søkjarar. Vidare er tilleggsstipendlista basert på to kåringar som er noko mangelfulle i sin vurdering av den reelle kvaliteten til institusjonane, og bør reviderast.

Unge Venstre har trua på at internasjonalisering av utdanning er eit viktig bidrag i møtet med morgendagens behov og utfordringar. Det er i Noregs beste interesse å auke internasjonal medvite, styrke forsking og kunnskapsproduksjon, og fremje internasjonalt samarbeid og solidaritet. Difor må vi sjå utdanning som eit vindauge mot verda, og gripa dei sjansane det gjev.

Unge Venstre meiner at
– internasjonalisering skal inngå i alle aspektar av utdanning, både formelt og uformelt
– norske utdanningsinstitusjonar må nytte digitale verktøy og MOOCs som ein del av undervisningstilbodet
– norske institusjonar må i større grad delta i samarbeid om felles utforming av akademiske grader
– norske universitet skal i større grad tiltrekkje seg studentar og forskarar over heile verda
– gratisprinsippet for internasjonale studentar må sikrast
– mastergrader i Noreg må vere tilgjengelege også for studentar som har tatt bachelorgraden sin i utlandet
– senter for Internasjonalisering av Utdanning (SIU) sin rangering av universitet som elever kan få tilleggsstipend til må reviderast
– det bør utviklast kvalitetslister som gjeve meir stipend til dekning av skulepengar ved institusjonar av høg kvalitet
– midlane til og omfamnet av Forskningsrådet sitt personlege doktorgradsstipend må styrkast