Hopp til hovedinnhold

Ingebjørg Flyum Bjørlo

4. november 2022

| Oppdatert 4. november 2022

Reisebrev fra Libanon

Bilde av de norske og libanesiske deltagerne

I månadsskiftet september/oktober reiste Unge Venstre på nytt til Libanon saman med dei andre ungdomspartia. Reisebrevet frå turen i mars kan lesast her. Her fortel Katja meir om kva prosjektet er og korleis det politiske systemet fungerer. Denne gongen var det sentralstyremedlem Ingebjørg Flyum Bjørlo som deltok.

Vi kom til Beirut midt på natta, natt til 30. oktober. Det var varmare denne gongen en i vår. Då vi gjekk ut av flyplassen slo varmen mot oss og eg trudde difor vi var i eit parkeringshus, men nei. Det var 27ºC kl. 04.00. Fordi vi hadde reist nesten heile natta hadde vi ein roleg start og brukte fyrste dagen på å gå rundt i Beirut, drikke vann og førebu oss til dei neste dagane saman med dei libanesiske ungdomspartia.

På kvelden møtte nokre av dei andre som hadde reist til Beirut frå andre stadar i Libanon og åt middag med dei på hotellet. Eg hadde møtt nokre få av desse i Oslo då dei var der i august og det var fint å møte dei igjen.

Bilde av mat fra Libanon

Laurdagen og søndagen gjekk begge til sjølve seminaret. Målet for helga var å skrive eit felles dokument om korleis ein bør jobbe for å få til godt tverrpolitisk samarbeid. Vi starta vi med å fortelje om dei norske ungdomsparti si rolle i norsk politikk. I Libanon spelar ungdomsparti mindre rolle og politikarane er generelt ein del eldre enn her i Norge. Vidare snakke vi om korleis vi gjekk fram for å forme ny politikk og korleis vi kunne bidra til å endre det politiske bilde både i valkampar og under ein valperiode.

Eg fekk inntrykket av at politikken i Libanon var ganske toppstyrt og at det difor var vanskelegare for heilt vanlege menneske å kome med innspel og liknande. Vi brukte mykje tid på å diskutere ting i grupper og det var interessant å diskutere forskjellane og likskapane oss i mellom.

Det siste vi gjorde saman var å skrive eit felles dokument om tverrpolitisk samarbeid. Her kom vi fram til at det var viktig å lytte og å ha respekt for andre sine meininga. Det viktigaste skal vere å finne løysingar, ikkje påpeike kva andre gjer feil.

Bilde av de norske deltagerne

Det var interessant å kome til eit samfunn som der ein heilt avhengig av kontantar. Libanon er i ein vanskeleg økonomisk situasjon som har bevega seg kraftig i negativ retning dei siste åra og spesielt dei siste månadane grunna inflasjon. Staten har ikkje pengar, bankane har ikkje pengar og folk får ikkje tatt ut pengane sine i banken.

Staten har ein “offisiell” kurs på amerikanske dollar den er på 1500 libanesiske pund per 1$. Den kursen dei aller fleste brukar(eg møtte faktisk ingen som ikkje såg på dette som den “rette” kursen) seier at 1$ ligg på mellom 35 000 og 39 000 libanesiske pund. Kursen endra seg kvar veke og den er sikkert noko heilt anna no. Fordi folk ikkje får tilgang til pengane dei har i banken er alle inkludert butikkar, uber-sjåførar og til og med Starbucks avhengige av kontantar.

Eg snakka mykje med dei andre ungdomspolitikarane frå Libanon om dette. Dei fortalte at berre for nokre månadar sidan kunne dei bruke bankkort fleire stadar. No hadde dei lommebøker stappfulle av libanesiske pund som ikkje var verdt noko. Eg er spent på å sjå korleis situasjonen utviklar seg.

Det er eit år igjen av prosjektet og stadig fleire ungdomsparti i Libanon vil bli med. Følg med her og på Instagram for å sjå kva som skjer vidare.


Del artikkelen